GPS/POI: 61.7723,6.1439
GPS/UTM: 33715E, 6880656N
Avreisested:

Gimmestad gamle kyrkje

  • BYGGÅR: 1692
  • FYLKE: Sogn og Fjordane
  • KOMMUNE: Gloppen
  • BISPEDØMME: Bjørgvin
  • FELLESRÅD: Gloppen kyrkjelege fellesråd
  • SITTEPLASSER: 80
  • BYGNINGSGRUPPE: Fortidsminne
  • FASILITETER:


Gimmestad gamle kyrkje ligg i Gimmestad sokn i Nordfjord prosti. Ho er bygd i tre og blei oppført i 1692. Kyrkja har langplan og 80 sitjeplassar. Kyrkja har listestatus automatisk listeført (1650-1850).
Arkitekt: Nils Monsen bm/ Restaurert i to omganger ved Kristian Rivertz (1914-15)/Egill Reimers (1962).

Gimmestad gamle kyrkje, som er teikna og bygd av Nils Monsson i 1692, er ei tømra langkyrkje med smalare kor med rett avslutning, og med våpenhus mot vest. Det er takryttar over skipets vestre del. Utvendig er kyrkja kledd med liggande raudmåla panel. I 1910 vart det bygd ny kyrkje på Gimmestad. Den gamle kyrkja er nå museumskyrkje, men brukast stundom til kyrkjelege handlingar. 1 1914-15 vart kyrkja satt i stand under leiinga av arkitekt Kristian Rivertz, og den måla dekoren vart restaurert av Bjørn Kaland i 1964.

Kyrkjerommet er prega av den måla dekoren på veggar og korskille frå tidleg på 1700-talet. Også bordkvelvingane over kor og skip er frå denne tida. Det meste av det opphavlege inventaret i kyrkja er bevart, blant anna det enkle alteret med tredelt altertavle over. I altertavlas hovudfelt er det skrift og ikkje bilete. I midtfeltet står innviingsorda til nattverden, og sidefelta har skriftstader knytte til sakramentet. I øvste midtfelt er det måla ei kalvariegruppe, det vil seie Jesus på krossen og Maria og Johannes ved foten av krossen. I sidefelta er det skymotiv.

Den mangekanta preikestolen er frå 1694, og døypefonten kan ha vore laga på same tid. På sørsida av skipet er det kreksar, eller knaggar på benkevangane. Desse hatteknaggane var til mennene, som sat på sørsida av midtgangen, mens kvinnene sat på nordsida. Den sengotiske lysekrona i skipet har antakelig hengt i den tidlegare kyrkja på staden.

Kjelder:
Storsletten, Ola: Kirker i Norge 5, Oslo 2008


1600s

The Reformation of 1537 marks the end of the Middle Ages in Norway and the establishment of the Evangelical Lutheran Church of Norway. In 1349 and 1350, the Black Death reduced the population by about two thirds. There was therefore almost no need for new churches until the population began to grow again in the 17th century.

Since the towns still had more churches than they needed, and many of these were solidly built of stone, it was primarily in rural areas that new churches were built. Out of about 300 churches built during the 150 years following the Reformation, only 64 remain today.

During this period, most churches were built of wood. The cogging joint replaced the stave church design. The form of church services changed, and preaching became more important. This created a need for larger spaces, to allow the congregation to be closer to the chancel and pulpit. New floor plan designs were therefore experimented with, including cruciform, Y-shaped and octagonal. Many of the old stave churches were also extended into a cruciform design.

The Reformed Church's greater emphasis on preaching and the word of God also required a new type of interior. The side altar of the Middle Ages disappeared. Pulpits became more prominent and the nave was filled with pews. Many churches were given galleries. Altarpieces, fonts and pulpits were decorated with biblical motifs and ornamentation in deep relief. The king's monogram often had a prominent position, since he was the head of the church.