GPS/POI: 61.1842,7.2334
GPS/UTM: 83059E, 6808120N
Avreisested:

Kaupanger stavkyrkje

  • BYGGÅR: 1140
  • FYLKE: Sogn og Fjordane
  • KOMMUNE: Sogndal
  • BISPEDØMME: Bjørgvin
  • FELLESRÅD: Sogndal og Leikanger kyrkjelege fellesråd
  • SITTEPLASSER: 125
  • BYGNINGSGRUPPE: Fortidsminne
  • FASILITETER:
    ParkeringParkering 

KIRKENS PUBLIKUMSTILBUD

  • Omvisning

ÅPEN KIRKE

06/10/2014 - 08/25/2014
10.00 - 17.00


KONTAKTINFORMASJON

  • Jorunn Merete Haukås-Eide
  • Tlf: 57679985
  • E-post: post@sogndal.kyrkja.no
  • Magny Ugulsvik Bukholm
  • Tlf: 57679985
  • E-post: post@sogndal.kyrkja.no

EKSTERNE LENKER



Kaupanger stavkyrkje ligg i Kaupanger sokn i Indre Sogn prosti. Ho er bygd i tre og blei oppført i 1140. Kyrkja har langplan og 125 sitjeplassar. Kyrkja har vernestatus freda.
Arkitekt: F. H. Stockkfleth (1862)/Kr. Bjerknes (1959).

Kaupanger stavkyrkje

Kaupanger stavkyrkje er bygd ein gong på 1100-talet, etter at den tidlegare kyrkja på staden brann i 1130. Både skip og kor har heva midtrom, og på mønet over skipet sit ein takryttar omkransa av fire mindre spir. Kyrkja har utvendig kledning av liggjande supanel. Kaupanger blir rekna som ei av dei stavkyrkjene som er beste tekne vare på i Noreg. Det er funne spor av to tidlegare stolpekyrkjer på staden. Den berande stolpekonstruksjonen i desse kyrkjene var fundamentert rett i jorda, og rotna dermed lett.

Midtromma i skip og kor er borne oppe av til saman 22 stolpar, eller stavar. Kyrkjeskipet har åtte stavpar i midtrommets lengderetning. Den berande konstruksjonen med stolpar, eller stavar, feste i ein horisontal bjelke ovantil og ein botnsvill nedantil, har gjeve opphavet til nemninga stavkyrkje. Opphavleg har det vore svalgang rundt kyrkja, men denne vart fjerna på 1600-talet. Då fekk kyrkja også nye vindauge og liggjande panel. Kyrkja vart modernisert på 1800-talet, men på 1960-talet vart ho attendeført til 1600-talsuttrykk.

I samband med restaureringa, vart inventaret frå 1600-talet sett attende i kyrkja, blant anna preikestol, altertavle og døypefont, som vart gjevne som gåve til kyrkja av futen Gøde Pedersen på 1600-talet. Preikestolen er i renessansestil, og den todelte altertavla med rikt dekorerte vengjestykke har bilete av Krossfestinga og Oppstoda. Over koropninga er det ein utskoren boge frå 1200-talet, som truleg kjem frå ein alterbaldakin.

Kjelder:
Anker, Leif: De norske stavkirkene, Oslo 2005
www.fortidsminneforeningen.no. Lest: 18.11.11


Middle ages

Although Christianisation had been taking place in Norway for several decades, the Mosterting assembly of about 1024 is considered to be the formal introduction of Christianity. This was when King Olav Haraldsson (later St. Olav) and Bishop Grimkjell laid down the first Christian legal directives for the entire kingdom. Among other things, it was decided that the king would provide priests, while farmers would build churches. 

The first churches, built in the 11th century, were simple post churches, with the corner posts dug into the ground. The made them susceptible to damp and rot. The stave church technique began to be used in the 12th century. Here the posts, or "staves", were set into a base construction of heavy beams resting on large stones. In this way, damp problems were avoided and many of these stave churches were able to stand for many centuries. There was a very widespread tradition in Norway of building timber churches. As many as 1,500 stave churches may have been built during the Middle Ages, but only 28 are preserved today. Haltdalen Stave Church is considered to be the prototype of the earliest type of stave church. The simple, long church design, with a nave and chancel, is the "original" design of our churches, whether in timber or stone.Elsewhere in Europe, churches were almost always built of stone. For this reason, important county churches or churches built in rich agricultural areas were also often built of stone here in Norway. Romanesque and Gothic influences can be seen in these churches. About 160 of the 270 stone churches built in Norway are still fully or partially preserved.