GPS/POI: 60.0905,6.1133
GPS/UTM: 6675E, 6694755N
Avreisested:

Ænes kyrkje

  • BYGGEÅR: 1200
  • FYLKE: Hordaland
  • KOMMUNE: Kvinnherad
  • BISPEDØMME: Bjørgvin
  • FELLESRÅD: Kvinnherad kyrkjelege fellesråd
  • SITTEPLASSER: 120
  • BYGNINGSGRUPPE: Soknekirke
  • FASILITETER:

KONTAKTINFORMASJON

  • Erlingur Nielsson
  • Tlf: 95 48 50 73
  • E-post: erlingur.nielsson@kvinnherad.kommune.no


Ænes kyrkje ligg i Ænes sokn i Sunnhordland prosti. Ho er bygd i mur og blei oppførd i 1200. Kyrkja har langplan og 120 sitjeplassar. Kyrkja har vernestatus freda.
Arkitekt: ukjent.

Ænes kyrkje

Ænes kyrkje er ei mellomaldersteinkyrkje med kort, nesten kvadratisk skip, og lågare og smalare kor, som også er tilnærma kvadratisk. Ænes kyrkje er truleg bygd på 1200-talet. Framom inngangen i vest står eit klokketårn i bindingsverk, som vart bygd til i 1869, då kyrkja vart sett i stand med blant anna nye og lågare tak. Tårnet erstatta eit tidlegare våpenhus. Kyrkja vart sett i stand i 1901, og i 1950-åra vart ho restaurert ved arkitekt Kristian Bjerknes.

Vestportalen er den einaste døropninga i kyrkja. Koret har tre vindaugsopningar, truleg frå mellomalderen, medan dei to vindauga i langveggen i skipet mot sør vart forma ut av Bjerknes på 1950-talet. Tidlegare hadde skipet eitt vindauge mot sør og eitt mot nord. Koropninga er i full breidd og høgd. Kyrkjerommet har ingen galleri.

Preikestolen i renessansestil er frå kring 1630, og altertavla er gjeven til kyrkja av Peder Samsonsen Sundal i 1766. Biletmotivet på altertavla er Nattverden, spegelvendt måla etter eit koparstikk i Biblia Ectypa, utgjeven i 1695. Judas sit i framgrunnen til høgre, måla i mørkare fargar enn dei andre disiplane.

Kjelder:
Hoff, Anne Marta og Hans-Emil Lidén: Norges Kirker, Hordaland II, Oslo 2000

* Langkyrkje bygd ca 1190-1200 i stein. Tilbygg i 1869. * Altertavle: Nattverden, av Sap. Sundal 1766. * Preikestol: Frå 1767. * Orgel: Frå Norsk orgelfabrikk 1993. * Kyrkjeklokker: 2 stk. Éi frå 1260 (Tyskland) og éi frå 1983. * Kyrkjesølv: Kalk og disk. 2 store lysestakar i messing. * Altarduk: Laga av Sofie Haugstveit i 1957. Ænes kyrkje er rekna for å vera den eldste kyrkja i Kvinnherad kommune og feira sitt 750 års jubileum i 1999. I samband med 750 års jubileet vart det gjeve ut eit Jubileumsskrift om Ænes kyrkje, forfattar til skriftet er Karsten Bjørke. Skriftet kan tingast på kyrkjeverjekontoret (53 48 31 00) Pris kr. 50.-


Middelalderen

Selv om kristningen av Norge hadde pågått i mange tiår, regnes Mostertinget omkring år 1024 som den formelle innføringen. Da laget Olav (den senere «hellige») Haraldsson og biskop Grimkjell de første kristne rettsbestemmelser for hele riket. Blant annet ble det bestemt at kongen skulle skaffe prester, mens bøndene skulle bygge kirker.

De første kirkene, oppført på 1000-tallet, var enkle stolpekirker der hjørnestolpene ble gravd ned i bakken. Dette gjorde dem sårbare for fuktighet og råte. På 1100-tallet ble stavkirketeknikken tatt i bruk. Stolpene ble da montert på en bunnramme av kraftige sviller som hvilte på store steiner. På denne måten unngikk man råteproblemene, og mange av stavkirkene kunne stå i mange hundre år. Tradisjonen med å bygge trekirker var svært utbredt i Norge. Så mange som 1500 stavkirker kan ha blitt oppført under middelalderen, men bare 28 er bevart i dag. Haltdalen stavkirke blir regnet som prototypen på den tidligste stavkirken. Den enkle langkirkeformen, med skip og kor, er våre kirkers «urform», i tre så vel som i stein.

Ute i Europa ble kirker nesten alltid bygd i stein. Viktige fylkeskirker eller kirker oppført i rike jordbruksområder her i Norge ble derfor også ofte utført i stein. I disse kirkene kan man se romanske og gotiske stiltrekk. I Norge er fremdeles rundt 160 av de 270 steinkirkene som ble bygget, helt eller delvis bevart.