GPS/POI: 60.8314,9.4930
GPS/UTM: 200817E, 6756579N
Avreisested:

Reinli stavkyrkje

KIRKENS PUBLIKUMSTILBUD

  • Servering
  • Omvisning

ÅPEN KIRKE

18.06.2016 - 17.08.2016
1100-1700 stengt onsdager - Inngang kr. 60,-

17.08.2017 - 19.08.2017
Åpen kirke 1100-2100 gratis inngang


KONTAKTINFORMASJON

  • Kirkeverge
  • Tlf: 41674669
  • E-post: post.sor-aurdal@kirken.no
  • Kirketjener
  • Tlf: 90546827

EKSTERNE LENKER

SERVERING

Is og brus


Reinli stavkyrkje ligg i Reinli sokn i Valdres prosti. Ho er bygd i tre og blei oppførd i 1300. Kyrkja har langplan og 70 sitjeplassar. Kyrkja har vernestatus freda.
Arkitekt: ukjent.

Reinli stavkyrkje

Reinli stavkyrkje har ein karakteristisk utsjånad, med tak over tak og kross på mønekammane. Kyrkja har rektangulært grunnplan, med skip og kor i same breidd. Koret har halvrund avslutning, apside, og rundt kyrkjerommet er det ein innebygd svalgang. Det skifertekte saltaket er bratt, og over mønet sit ein liten takryttar. Alderen til Reinli stavkyrkje er usikker, men ho er hovudsakleg bygd av trevirke som vart felt i 1320-åra. Ettersom kyrkja ikkje er ombygd eller påbygd etter reformasjonen, blir ho rekna som ei av dei stavkyrkjene som er best tekne vare på.

Den berande konstruksjonen i Reinli stavkyrkje består av tre stolpepar i lengda og to i breidda. Det er denne byggjemåten, med stolpar, eller stavar, feste i ein horisontal bjelke ovantil og ein botnsvill nedantil, som har gjeve opphavet til nemninga stavkyrkje. Reinli stavkyrkje manglar dei rike utskjeringane som dei andre stavkyrkjene i Valdres er kjende for.

I 1970-åra vart det meste av innreiinga frå slutten av 1800-talet fjerna, bortsett frå orgelgalleriet, som er plassert i koret bak altertavla. Av mellomaldersk inventar er berre altertavle og døypefont att i kyrkjerommet. Altertavla, som var laga som helgenskap rundt 1300, har måleri av nyare dato, måla av Siwerts i 1923. Hovudmotivet er Kristi himmelfart, omkransa av Moses med boda, Jesu bergpreike, Aron med paktas ark og Jesu krossfesting, den nye pakt. I sørveggen, ved korportalen er det ei lita luke. Dette kan ha vore eit såkalla hagioskop, eit innsyn til det heilage, der ein kunne sjå alteret og koret når kyrkja var lukka eller ein av andre årsaker ikkje hadde tilgang.

Kjelder:
Anker, Leif: De norske stavkirkene, Oslo 2005


Middelalderen

Selv om kristningen av Norge hadde pågått i mange tiår, regnes Mostertinget omkring år 1024 som den formelle innføringen. Da laget Olav (den senere «hellige») Haraldsson og biskop Grimkjell de første kristne rettsbestemmelser for hele riket. Blant annet ble det bestemt at kongen skulle skaffe prester, mens bøndene skulle bygge kirker.

De første kirkene, oppført på 1000-tallet, var enkle stolpekirker der hjørnestolpene ble gravd ned i bakken. Dette gjorde dem sårbare for fuktighet og råte. På 1100-tallet ble stavkirketeknikken tatt i bruk. Stolpene ble da montert på en bunnramme av kraftige sviller som hvilte på store steiner. På denne måten unngikk man råteproblemene, og mange av stavkirkene kunne stå i mange hundre år. Tradisjonen med å bygge trekirker var svært utbredt i Norge. Så mange som 1500 stavkirker kan ha blitt oppført under middelalderen, men bare 28 er bevart i dag. Haltdalen stavkirke blir regnet som prototypen på den tidligste stavkirken. Den enkle langkirkeformen, med skip og kor, er våre kirkers «urform», i tre så vel som i stein.

Ute i Europa ble kirker nesten alltid bygd i stein. Viktige fylkeskirker eller kirker oppført i rike jordbruksområder her i Norge ble derfor også ofte utført i stein. I disse kirkene kan man se romanske og gotiske stiltrekk. I Norge er fremdeles rundt 160 av de 270 steinkirkene som ble bygget, helt eller delvis bevart.