GPS/POI: 60.4632,7.0698
GPS/UTM: 64587E, 6729273N
Avreisested:

Eidfjord kyrkje

  • BYGGEÅR: 1981
  • FYLKE: Hordaland
  • KOMMUNE: Eidfjord
  • BISPEDØMME: Bjørgvin
  • FELLESRÅD: Eidfjord sokneråd
  • SITTEPLASSER: 375
  • BYGNINGSGRUPPE: Soknekirke
  • FASILITETER:
    ParkeringParkering  Toalett  Tilgjengelig med rullestol 

KONTAKTINFORMASJON

  • Eidfjoso@online.no
  • E-post: Eidfjoso@online.no

EKSTERNE LENKER

BESKRIVELSE

Edfjord kyrkje 31. mai 1981 vart den nye kyrkja i Eidfjord vigsla. Det er arkitekt Sigurd Sekse som har teikna kyrkja. Byggmeister er Johannes Røynstrand. Det er ei moderne arbeidskyrkje som har mange fleire funksjonar enn den gamle. Det er kyrkjelydssal, peisestove, kontor og andre rom i kyrkja. Altertavla er laga av den lokale kunstnaren Dagfinn Instanes. Han har og laga teppet over døypefonten. På altertavla er det mange kristne symbol. I sentrum står krossen som symbol for Jesus død, og til høgre har vi oppstoda, til venstre Jesu dåp som innviing for hans frelsargjerning. Orgeleg er bygd av den svenske orgelbyggjaren Nils Hammarberg og har 16 stemmer. Døypefonten er hoggen i ljos Eidfjord-granit av Reidar Molander. Brurestolar og fire andre gyldenlerstolar er også utført av lokal kunstnar, Gunvall Bu. Tårnet står ved sida av kyrkja og har to klokker med automatisk ringing. På ei av klokkene finn ein sitat frå Johannes 14,6: "Eg er vegen, sanninga og livet". Folk i Eidfjord har lagt vinn på å få den nye kyrkja fin både inne og ute. Den trauste steinmuren laga i gamal stil gjev ei verdig råme om heile verket.


Eidfjord kyrkje ligg i Eidfjord sokn i Hardanger og Voss prosti. Ho er bygd i mur og blei oppførd i 1981. Kyrkja har rektangelplan og 375 sitjeplassar.
Arkitekt: Sigurd Sekse/Mannsåker.

Eidfjord nye kyrkje ligg i nærleiken av den gamle steinkyrkja frå 1300-talet. Då den gamle kyrkja vart for liten og upraktisk for kyrkjelyden sitt behov, valte ein å supplere med ei ny, moderne arbeidskyrkje med mange ulike funksjonar samla under eitt tak. Barnehagedelen var det fyrste byggetrinnet. Han sto ferdig i 1979, mens resten av kyrkjebygget var ferdig og vart innvia i 1981. Den nye kyrkja, som er tilnærma ein kvadratisk mursteinbygning, er teikna av arkitekt Sigurd Sekse. Rundt kyrkja er det parkområde, med frittståande klokkestopul plassert på nordsida, mens kyrkjegarden ligg på den andre sida av vegen.

Over kyrkjerommet løftar taket seg i ein skeiv pyramideform med høgaste punkt over koret. I pyramidespissen er det vindaugsglas, som let dagslyset strøyme ned over alterpartiet. Veggane er av murstein, og den opne himlingen har synlege bærande konstruksjonar av trekvite limtredragarar. Mellom dragarane er det striekledde takflater.

Alterbiletet, som er eit stort keramikkrelieff laga av Dagfinn Instanes, er montert direkte på mursteinsveggen bak alteret i nesten heile kornisjen sin breidde. Hovudmotivet i midten av biletet er ein kross omgjeven av ein sirkel med fire symbol: Treeiningssymbolet med Gud sine auge, Dua med oljekvisten, Lammet med sigersfane og Kalken. Til venstre for krossen er det bilete av stjernenatt i Betlehem og Jesu dåp, og til høgre er Krossfestinga og Oppstandinga.

Kjelder:
Hoff, Anne Marta: På www.norgeskirker.no NIKU 2009


1900-tallet

På 1900-tallet gikk kirkebygget over fra å være søndagskirke til flerbrukskirke, fra å uttrykke høytidsstemte nasjonale strømninger i jugendstil og nybarokk, til internasjonal modernisme i betong, med ofte utradisjonelle former og funksjoner.

Ved begynnelsen av århundret beholdt kirkerommene i hovedsak sin tradisjonelle form og funksjon, selv om arkitekturen gjenspeilet endrede stiluttrykk.  Etter første verdenskrig betydde dette nybarokk og nyklassisisme. På 1930-tallet kom funksjonalismens forenklede former, og kirkerom stadig oftere inspirert av internasjonale liturgiske og arkitektoniske strømninger.

Etter den andre verdenskrigs ødeleggelser fikk vi kirkebygg som først eksperimenterte med tradisjonelle langkirkeformer, men bygget i armert betong, som i Bodø (1956) og Molde (1957), for ganske snart å løsne båndene til tradisjonen og skape helt nye liturgiske rom og former, som i Kristiansund (1964) og Tromsdalen (1965).

På 1950-tallet vokste det fram nye menighetsaktiviteter som skapte behov for flere typer lokaler. Delvis inspirert av småkirkebevegelsen, kom nå arbeidskirkene for fullt, med kontorer, møterom og aktivitetslokaler i tillegg til selve kirkerommet. Det ble vanlig at kirkerommet kunne utvides med foldevegger inn til tilstøtende saler.

Utviklingen videre gjorde at de liturgiske rommene utgjorde en stadig mindre andel av det totale kirkeanlegget. Kirkerommenes grunnplaner ble oftere rektangel- og vifteformet, for å skape sterkere nærhet kirkegjengerne imellom, men også til alteret og korpodiet, som rommets liturgiske tyngdepunkt. Funksjon ble viktigere enn stilart, og kunstuttrykkene ble mer abstrakte.

Mot slutten av århundret fikk kirkerommene igjen et sterkere sakralt preg, uten at byggene ga avkall på den funksjonelle allsidigheten.

I løpet av 1900-tallet ble det bygd over 600 nye kirker. Mur, og særlig armert betong, overtok i økende grad som byggemateriale, og trekirkene ble ikke lenger bygget i tømmer, men i moderne teknikker som bindingsverk eller limtre. Hele 2/3 av etterkrigstidens kirker er bygd i mur.