GPS/POI: 61.2981,7.3225
GPS/UTM: 89319E, 6820180N
Avreisested:

Urnes stavkyrkje

  • BYGGEÅR: 1130
  • FYLKE: Sogn og Fjordane
  • KOMMUNE: Luster
  • BISPEDØMME: Bjørgvin
  • FELLESRÅD: Fortidsminneforeningen
  • SITTEPLASSER: 100
  • BYGNINGSGRUPPE: Fortidsminne
  • FASILITETER:
    Åpen kirke 

KIRKENS PUBLIKUMSTILBUD

  • Omvisning

ÅPEN KIRKE

02.05.2017 - 30.09.2017
1030-1745


KONTAKTINFORMASJON

  • Urnes stavkyrkje
  • Tlf: 57 67 88 40
  • E-post: urnes@stavechurch.com

EKSTERNE LENKER

BESKRIVELSE

Prisar
Vaksen kr 90
Gruppe (min. 15), pensjonist kr 80
Student/born over 5 år kr 70
Familie kr 220

Tinging av omvising for grupper:
tlf. 57 67 88 40
e-post: urnes@stavechurch.com


Urnes stavkyrkje ligg i Solvorn sokn i Indre Sogn prosti. Ho er bygd i tre og blei oppførd i 1130. Kyrkja har langplan og 100 sitjeplassar. Kyrkja har vernestatus freda.
Arkitekt: Jens Z. M. Kielland (1902-06).

Urnes stavkyrkje

Urnes stavkyrkje er både den eldste og den rikast dekorerte av dei 28 stavkyrkjene som er tekne vare på i Noreg. Kyrkja er datert til byrjinga av 1130-talet, men nokre av materialane er brukte om att og stammar frå ei tidlegare kyrkje på staden, som vart bygd i siste halvdel av 1000-talet. I 1979 kom Urnes stavkyrkje på verdsarvlista til UNESCO. Fortidsminneforeininga overtok kyrkja i 1881.

Kyrkja består av skip og kor med opphøgd midtrom. Framom inngangen er det open svalgang og på taket over skipet sit ein firkanta takryttar med åttekanta tårnhjelm. Dei berande stolpane kallar vi stavar, og det er denne konstruksjonen med stavar feste i ein horisontal bjelke ovantil og ein botnsvill nedantil, som er opphavet til nemninga stavkyrkje. Stavane i Urnes har rikt dekorerte terningkapitéler, eller søylehovud. Nordportalen er særleg eineståande og kjem frå den tidlegare kyrkja på staden. Portalen har rikt dekorerte vanger, med dyreornament i treskurd, som har gjeve namnet til det som blir kalla urnesstilen.

Også inventaret er rikt. Den romanske kalvariegruppa, som heng på veggen mot koret, er frå slutten av 1100-talet. Altertavla er laga kring 1690. To Limoges-stakar frå 1200-talet, som høyrer til det opphavlege alterutstyret, blir ikkje lenger oppbevart i kyrkja.

Kjelder:
Anker, Leif: De norske stavkirkene, Oslo 2005
www.fortidsminneforeningen.no. Lest 18.11.11


Middelalderen

Selv om kristningen av Norge hadde pågått i mange tiår, regnes Mostertinget omkring år 1024 som den formelle innføringen. Da laget Olav (den senere «hellige») Haraldsson og biskop Grimkjell de første kristne rettsbestemmelser for hele riket. Blant annet ble det bestemt at kongen skulle skaffe prester, mens bøndene skulle bygge kirker.

De første kirkene, oppført på 1000-tallet, var enkle stolpekirker der hjørnestolpene ble gravd ned i bakken. Dette gjorde dem sårbare for fuktighet og råte. På 1100-tallet ble stavkirketeknikken tatt i bruk. Stolpene ble da montert på en bunnramme av kraftige sviller som hvilte på store steiner. På denne måten unngikk man råteproblemene, og mange av stavkirkene kunne stå i mange hundre år. Tradisjonen med å bygge trekirker var svært utbredt i Norge. Så mange som 1500 stavkirker kan ha blitt oppført under middelalderen, men bare 28 er bevart i dag. Haltdalen stavkirke blir regnet som prototypen på den tidligste stavkirken. Den enkle langkirkeformen, med skip og kor, er våre kirkers «urform», i tre så vel som i stein.

Ute i Europa ble kirker nesten alltid bygd i stein. Viktige fylkeskirker eller kirker oppført i rike jordbruksområder her i Norge ble derfor også ofte utført i stein. I disse kirkene kan man se romanske og gotiske stiltrekk. I Norge er fremdeles rundt 160 av de 270 steinkirkene som ble bygget, helt eller delvis bevart.